Skiløyper i Svartdal

Skiløypa vår går i flott terreng i Svartdalsheiane. Løypa vert preparert med snoskuter m/slodd og sporsettar. Skuteren er utstyrt med GPS og oppdatert løypeinfo finn du på Skisporet.no.
Parkering ved Nørsteteig eller i Åsdalen og betalast med Vipps (men det er dårleg mobildekning i Åsdalen). Hugs også at du kan innom Fleirbrukshuset og varme deg litt – der kan du betale med vipps til Svartdal Grendelag.

Skiløype ljosløypa Flatdal

Ljosløypa startar ved skulen og går ei rundløypa i Kyrkjeskogen.

I vintersesong er det ljos fram til kl 22.00. Løypa nyttast av turgåarar, skule og barnehage samt Flatdal Idrettslag si skigruppe ein kveld i veka. Utanfor sesong kan du sjølv skru på ljoset (grønn trykknapp på stolpe) v/startområdet på Rydland jordet, ljoset vil automatisk slokkast etter 2 timar.