Flatdal Idrettslag er eit lite, men aktivt idrettslag. Me har ca 150 medlemmer som kan delta på aktivitetar i undergruppene fotball, tennis, volleyball, voltige, symjing, langrenn, skihopp, lutftgevær, old-boys trening samt ulike tur- og skiløyper.

I sommarhalvåret kan ein nytte parkanlegget vårt i hjertet av bygda som er ein samlingsplass med badehus, badestrand og grillanlegg samt fotball, ridebane, tennisbane og volleyballbane.

I vinterhalvåret køyrer vi opp løyper både i ljosløypa og Svartdalsheiane. I forbinding med skiløypa i Svartdal har Svartdal Grendelag satt opp Fleirbrukshuset ved startområdet som ein kan kvile og nyte nista si. Skihoppanlegget Brekkabakken og ski-/snowboardparken på Blengsdalen kan også nyttast av våre medlemmer.

I tillegg til medlemskontingentene er dugnad ei vesentleg årleg inntektskjelde. Der er hovudsakleg Dyrsku-dugnad som gjev inntekt til laget. Dyrskudugnad består av ca 1000 arbeidstimar der inntekta blir fordelt på Flatdal Idrettslag, Flatdal Samfunnshus og Flatdal Skulekorps.