Flatdal Idrettslag er eit lite, men aktivt idrettslag med ca 150 medlemmer.
Me håpar du finn ein aktivitet som kan passe for deg og at du finn deg godt til rette i våre anlegg.
På denne nettsida finn du ein oversikt over våre aktivitetar, anlegg og organisasjon.
Mykje av løpande informasjon finn du på våre facebook-sider.
Siste nytt frå Facebook-sida vår
Minner om bading i Skien Fritidspark te laurdag😃Hei! Då er det tid for bading i bassenget i Seljord att! 💦🏊 Me startar opp onsdag 21.oktober kl 17.30 14. november reiser me te Fritidsparken, sama opplegg som før. Flatdal IL sponsar inngang på alle 🏊♀️🏊♂️ Alle badar så lenge dei vil, spørsmål til 95967616😊Skriv navn på dei som vil vera med til Fritidsparken i detta innlegget:
Book Gratis for FIL medlemmer her : www.flatdal-il.no/badstoge/
🏆🎯🫎 Me startar opp att med luftgeværskyting for medlemmer i Flatdal idrettslag fra 1. klasse til 10. klasse. Som før blir det på samfunnshuset, måndagar kl. 17:30 - 19:00. Det blir skyting på blink, med lokale instruktørar. Deltakerar frå 1-4. klasse bør ha med ein vaksen, både for å bistå med skyting og holde ro i gangen utanfor gymsalen.Dette er gratis, og ingen påmelding. Det vert premieutdeling til alle etter siste skyting 14. desember.Kven vinn vandrepokal i år?? 🏆I fjor var det Andrea Mæland som tok vandrepokalen for 5-10.klasse og Øyunn Groven tok vandrepokalen for 1-4. klasse. Desse pokalane skal vandre vidare til skyttaren med årets beste poengskive.Vel møtt!Måndag 02. november Måndag 09. november Måndag 16. novemberMåndag 23. novemberMåndag 30. november Måndag 07. desember Måndag 14. desember – Premieutdeling kl.19:00
Innhaldet er ikkje tilgjengeleg nett no
Når dette skjer, er det oftast fordi eigaren berre har delt det med ei lita gruppe av folk eller har endra kven som kan sjå det, eller det er blitt sletta.